Etter å ha vore på den offisielle opninga av Rundeskatten på Runde miljøsenter, så blei
dykkelysta så stor at vi berre måtte ha eit dykk der ute. Vi fekk ikkje mindre lyst då vi
observerte ein flokk spekkhoggar frå vindauga til Miljøsenteret, og det blei spøkt med
at vi kunne dykke med dei. Sjølv om det er ganske usannsynleg å dykke med slike
ville og raske dyr. Det gjekk ikkje lange tida før vi hadde kome oss i båten og var på
veg ut mot Runde igjen.
På grunn av mange av klubbens medlemmar enten jobbar eller er på skule på ein torsdags ettermiddag, så var vi berre to som hadde anledning til å dykke. Tomas Paulsen var med som båtmann/dykkeleiar i båten.Vel framme på funnstaden inne i bukta ved Kvalneset, blei dreggen kasta og vi som skulle dykke kledde på oss utstyret og gjorde oss klare for å hoppe i vatnet.
Tidlegare har vi nesten berre dykka på indre funnstad, då det er mykje enklare og finne fram der, samtidig som vi kan ha mykje lenger botntid. Denne gongen ville vi prøve å dykke på ytre funnstad der hovuddelen av skatten blei funne i tillegg til åtte kanoner. Dessverre bomma vi litt på meda, og klarte ikkje å finne verken nokon av kanonane eller delane av skorsteinen som skulle ligge der ute. Vi surra mykje fram og tilbake nede på botnen, men bestemte oss til slutt for å avbryte dykket og fylgje dreggtauet opp att. Med andre ord blei det eit skikkeleg bomdykk.
Noko misnøgde etter dagens dykk, så blei dreggen tatt opp, og kursen sett mot Herøy dykkerklubb sine lokalar att. I det vi passerte snuplassen i Goksøyra, så observerte vi ein flokk med spekkhoggar. Truleg den same flokken vi observerte tidlegare frå Miljøsenteret. Sjølvsagt måtte vi sjekke ut dette nærare, og sette kursen mot spekkhoggarflokken. Eg vil tru der var minst 7-8 dyr i flokken, og dei kom heilt nær båten. Etter mykje om og men, så bestemte eg meg for å ta på meg dykkermaske og symjeføter, og hoppe ut i vatnet for å undersøke om dei kom nærme. Like etter eg hoppa i vatnet kom dei mot meg, og var under og rundt meg frå alle kantar! Eg var ikkje høg i hatten då eg sto ansikt til ansikt med ein fullvaksen spekkhoggar på sikkert seks meter, før han manøvrerte under meg i stor fart. Aldri før har eg følt meg så liten, men samtidig var det ein utruleg flott oppleving som er vanskeleg å beskrive med ord! Haisommar er eigentleg eit veldig dekkande ord for den kjensla og redselen eg hadde etter første møtet med dei store dyra, men det gjekk over etter kvart som eg såg at dei berre var nyskjerrige. Det er ikkje ofte ein har sjansen til å kome så nær eit av dei største og flottaste rovdyra vi har i havet! Fleire gongar var vi sikkert under ein meter i frå dei store dyra. Dessverre var batteriet på undervasskameraet flatt, så vi fekk ikkje tatt nokon gode bilete, men Tomas fekk knipsa fleire fine bilete over vatn.
Dette må vere den desidert største undervassopplevinga eg har hatt, og noko eg vil hugse for resten av livet. Kor trygt det er å dykke med spekkhoggar veit eg ikkje, men dei verka i alle fall ikkje truande mot oss. Ein dykkar med svart neoprendrakt kan kanskje likne mistenkeleg mykje på ein sel, men er sikkert litt i seigaste laget for ein spekkhoggar.
Alle foto: Tomas Paulsen








