Med dei ikkje så altfor store forventningar planla vi ein tur til Geitemaren for å dykke på restane av Arisan som gjekk ned i 1992. Av eldre dykkera i klubben og regionen har vi blitt fortalt at det meste av skipet skulle vere knust av dei enorme kreftene som er i sving når vinterstormane herjar som verst. På grunn av dette har det ikkje vore folk å dykka på Arisan sidan starten av 2000-talet. Trass i alle anbefalingane om at det er veldig lite igjen å sjå der ute, så bestemte vi oss for å ta turen ut likevel. Der måtte j o vere NOKO igjen av eit så svært skip?


  

 

 

Laurdag 11.06 tok derfor eg, Kenneth Kvalsund og Erik Slettebakk Polarcirkelen ut til Geitemaren for å sjekke kva som verkeleg låg igjen etter skuta. Vi kasta dreggen på vrakmerket som var oppmerka på kartmaskina, på nordsida av Geitemaren. Grunna problem med bihulene, så droppa Erik dykkinga, og var i båten medan eg og Kenneth hoppa i vatnet. For dei som ikkje veit kvar Geitemaren ligg, så er det kort forklart eit skalpeskjer langt ut i havet, omtrent midt mellom Rundebranden og Kvalsvika. Det er derfor svært væravhengig, og berre få dagar i året det er mogleg å dykke der ute. Litt spesiell følelse og hoppe i vatnet i åpent hav, heilt uvitande om kva som skjulte seg under oss.


Vi gjekk ned på dreggtauet og kom ned på skjæret på omtrent 9 meters dybde. Her var det fin tareskog, kløfter og mykje fisk. Ned i mellom sprekkene låg det små og større vridde stålbitar nesten over alt. Tanken som streifa meg då var at det stemte det vi hadde blitt fortalt om at det var lite som var att av skipet. Etter å ha svømt eit stykke vestover, så blei det gradvis djupare. Vrakrestar blei det berre mindre og mindre av, så tanken om at vi svømte i feil retning slo meg, men plutseleg kom vi til ein kant der berget slutta, og vi gjekk ned på ei slette på mellom 18 og 20 meter der det låg vrakrestar over alt! Både store og små plater av skipet, nokon meir vridde enn andre. Det var nesten som å svømme på ein skraphaug med alle jernplatene som låg oppå kvarandre. På denne sletta såg vi også ein motor, men på grunn av størrelsen var det neppe hovudmotoren som låg der. Sannsynlegvis berre ein hjelpemotor av eit slag. Litt lenger borte var ein ganske stor bit av dekk med ein svær pullert på. Og ikkje langt i frå den låg ein svær seksjon av skutasida og dekk som var veldig intakt, og kanskje så stor som 50 meter lang og 20 meter brei. Her såg vi tydeleg at dette var restane av eit svært skip. Vi fekk også besøk av ein diger seistim som sirkla rundt oss nede på vraket. Etter ei god stund nede på vraket, var det lite luft igjen på flaskene, og vi måtte tenke på å kome oss på grunnare vatn og starte på oppstigninga.

 

Ein får ikkje med seg alt på eit dykk på dette vraket her, så det var ein forholdsvis liten del vi fekk utforska på dette dykket. Vi måtte derfor tilbake fleire gongar for å utforske meir. Etter å ha fortalt kor mykje som låg att, så var det ikkje vanskeleg å få med seg folk ut på ei ny runde med dykking på Arisan. Mandag 13.06 var det havblikk, pent vær, og sju dykkera møtte opp på dykkerklubben spenna klare for dykking på vraket av Arisan. Litt etter kl 11 kom vi oss avgårde med polarcirkelen, fullasta med folk og utstyr, og med ein liten pitstop på Essokaia for bunkring av drifstoff, så sette vi kursen vidare mot Breisundet og ut mot det ope hav. Denne gongen prøvde vi å kaste dreggen nærare vraket, slik at vi slapp og symje så langt. Fyrste pulje gjorde seg klare, og hoppa i vatnet ein etter ein. Ein båt med tyske turistar kom durande mot oss med fiskestenger, og trudde sikkert her var masse fisk sidan vi låg oppankra der. Dei viste lite teikn til forståelse for kva dykkerflagg betydde, men då dei stoppa eit stykke unna oss, bestemte vi oss for å berre gå ned. Tross alt hadde vi jo folk i båten som kunne sei i frå dersom dei blei nærgåande.

 

Vi var fire mann som gjekk ned i fyrste omgong. Posisjonen vi tok ut på kartmaskina stemte bra, for dreggen hadde havna like ved fleire store vrakrestar. Her hadde vi ikkje vore på dykket laurdag. Ikkje langt i frå dreggen støtte vi på ein veldig intakt del av skipet. Det var akterenden av skipet som var knekt av heilt bake. Fleire pullertar stod på dekket, og her var skipet veldig intakt. Etter å ha sumt eit stykke framover dekket trefte vi på der styrehuset hadde stått ein gong. 4-5 meter over dekk var overbygget vekke. På tvers av skipet var det god plass til å penetrere gjennom heile overbygget, gjennom nokre mannhol som gjekk tvers gjennom skipet. Ein kunne kjenne adrenalinen straume litt ekstra gjennom kroppen i det vi bevega oss inn og sumte ut på andre sida av skipet. Det føltes likevel trygt då det ikkje var noko mudder der som kunne virvlast opp, og konstruksjonen virka veldig solid og sterk. Meir engsteleg var vi eigentleg for båten med tyske turistar som vi hørte kjørte rett over oss, og som sikkert kasta ut fiskekroken like i nærheita.

 

Eit stykke framfor styrehuset var skipet knekt i to, og der var det mogleg å kike inn i lasteromma frå babord side. 20-30 meter til venstre for der skipet var knekt i to låg resten av forskipet på skrått bortover i same retning som resten av skipet. Vi sumde langs dekket på denne delen av skipet eit godt stykke framover, heilt til vi kom til nokre store fortøyingsvinsjar på fordekket. Her varsla buddyen min Asgeir at han berre hadde litt over 50 bar igjen på flaska si, og vi måtte derfor gå mot grunnare område og starte på oppstigninga etter rundt 20 minutt botntid. Decobøya blei skote opp frå 14 meters dybde, og på den måten kunne neste pulje sjå at vi byrja på oppstigninga, og gjorde seg derfor klare til å hoppe i vatnet. Dei tre andre hoppa i vatnet då vi hadde kome oss på sida av båten. Ei lita stund etter dei var kome ned, så drog vi opp dreggen og la på drift, slik vi kunne følgje boblene og plukke dei opp der dei valte å gå opp. I mellomtida tok vi turen til dei tyske turistane som fiska like ved. Eg spurte om dei viste kva flagget betydde, men det hadde dei ingen anelse om. Ei lita sjennepreike etterpå om kva flagget betyr, og at vi hadde dykkera nede medan dei rente over oss, så returnerte vi til eit stykke unna boblene og la oss på drift att. Etter vel 30 minutt dykketid retunerte dei strålande fornøgde til overflata.

 

Ein kan trygt seie at dette var eit av mine absolutt største dykkeopplevelsar nokon gong. Vraket er stort, det er forholdsvis intakt og veldig lite grodd i forhold til andre vrak. Det gjorde det kanskje også ekstra spennande at vi fann så mykje meir enn det vi hadde blitt fortalt at det var igjen. Forventingane vi hadde før vi gjekk ned for fyrste gong var veldig lave, og vi ante eigentleg ikkje kva som ville møte oss. Dette er eit vrak i toppklasse som må utforskast til den minste bit, her kan ein ha fleire dykk utan å ha sett det same. Noko som er heilt sikkert er at dit skal vi fare fleire gongar, og det blir nok arrangert ny tur så snart været gir løyve til det igjen!