Herøy dykkerklubb arrangerte dykkerpåske torsdag 21. og fredag
22. april, og inviterte inn dykkera frå heile regionen til å delta.
Litt over halvparten av dykkerane var frå Herøy Dykkerklubb,
men vi hadde også med oss fleire dykkera frå blant anna Ålesund,
Giske og Hareid.

Torsdag var det oppmøte kl. 0930 ved klubbhuset på Jensholmen, der dykkerutstyret blei rigga og vidare båret ned i Lanternen. Til saman var vi 16 dykkera i båten, i tillegg hadde vi med oss vår eigen kaptein Vegard Hide og maskinist Harry Leine. Fyrste destinasjon denne dagen var Åramsundet, der vraket av den 45 meter lange forpostbåten ”D/S Felix Scheder” ligg. 22 personar omkom då skipet blei senka av Baracuda fly 12. september 1944. Bomba trefte skipet omtrent rett ned i skorsteinen, og delte skipet i to like bak styrehuset, noko som gjorde at Felix sank i løpet av veldig kort tid. Vraket av Felix blei funne av Reidar Stridh i 1985, og har sidan den tid vore eit populært dykkemål.
På grunn av at vraket ligg midt i skipsleia, så må vi kalle opp ferga kvar gong vi skal dykke der, slik at ferga ikkje passerar rett over vraket når det er folk nede. I Åramsundet er det også sterk straum, så det må vi ta omsyn til når vi planlegger. Tidevasstraumen er svakast ein time før full flod, og det er då mogleg å dykke der.
Med Lanternen tek det rundt halvannen time å kome seg ut i Åramsundet, og vi hadde derfor god tid til både å sjå over utstyret, ete pølser, drikke kaffi og prate. I salongen under dekk fekk vi til og med sitte i ly for været, noko som er veldig kjekt når det regnar trollkjerringar ute. Etter vi ankom Åramsundet, så blei meda peila inn og dreggen kasta. Dykkerane blei delt opp i par, og kledde på seg utstyr og gjorde seg klare for å gå planken. Omtrent ein time før vendinga på tidevatnet, så såg vi at straumen hadde stilna såpass at vi såg det som forsvarleg å sende ned folk. To og to blei sendt ned i tur og orden, og alle saman returnerte til overflata like heile og etter avtalt tid på maks 25 minutt nede. Eit av dykkerpara kom opp frå vraket med nokre flotte suvenirar, nemleg fleire forskjellige tyske krigsmedaljar med hakekors på framsida og inskripsjonar skrive på tysk på baksida.
Etter at alle mann hadde kome seg opp i båten att, så blei dreggen dratt opp igjen i båten, og kursen blei sett mot neste dykkemål. Andre destinasjon for turen var Tronden, som er eit lite skjær eit stykke aust for Torvholmen på Flåvær. Her hoppa 10 dykkera i vatnet, og dykka i området rundt skjæret. Botnen rundt skjæret var variert, med både sand, stein og berg. Kamskjel var det også ein del av, så fleire hadde fått plukka med seg ein del kamskjel. Ein av dykkerane hadde også stukke ein svær breiflabb med kniv, noko som vil smake godt på middagsbordet. Etter eit flott dykk på Tronden, var det ein sliten, men fornøgd gjeng som sette kursen mot Jensholmen att.
Torsdags kveld fekk eg telefon frå ein kvalm skipper som låg rett ut heime med spysjuka. Han var redd for at han ikkje blei frisk til morgondagen, noko som resulterte i at vi ikkje hadde nokon som kunne føre båten. Lanternen er sertifikatpliktig i og med den er over 19 meter lang og har passasjersertifikat. Det blei derfor utført ein større leiteaksjon etter reservekaptein, men ingen av dei vi ringte til hadde korkje tid eller anledning. Vi var så heldige at vi fekk låne den 35 fots store tresjarken Havstein med Arve Teige, utan den hadde vi stått igjen på kaia på Jensholmen saman med mange tilreisande dykkera utan moglegheit til å fare nokon stad.
Fredag var det oppmøte på same stad til same tid, og folket fekk rigge klart utstyret og kome seg om bord i båtane. I tillegg til Havstein, så hadde vi også med oss den nye båten til klubben som sikringsbåt. Godt og vel 20 personar var vi totalt, inkludert dei åtte passasjerane som var med for turen sin del. Været kunne vi ikkje klage på denne dagen, då det var heilt havblikk og strålande sol, noko som passa bra då det ikkje var moglegheit for å gå under dekk som på Lanternen. Denne dagen gjekk turen til Runde, der vi fyrst skulle dykke på staden der Akerendam gjekk ned. Vel framme på Akerendam blei dreggen kasta på indre funnstad. Her er det åtte meter djupne, tett tareskog og over 30 kanoner ligg strøtt utover eit stort område inne bukta ved Kvalneset. Det er ikkje lett å få auge på kanonane, då dei har nøyaktig same farge som omgivelsane. Dersom du har augene med deg nede på botnen, og veit kva du skal sjå etter, så ser du lett 10-12 kanoner på eit dykk ned i mellom tareskogen.
Dykkerane blei orienterte om forholda på staden, og det blei bestemt av dykkeleiar Eivind Leine at maksimal dykketid var 60 minutt. 12 stk hoppa i vatnet og dykka ned der kanonane ligg. Fleire nytta nok sjansen til å grave etter gull og sølv nede på botnen mellom kanonane, men ingen var så heldige at dei fann noko av interesse. Etter snart 30 år med dykking på funnstaden, så vil det naturleg nok ikkje vere så store sjansar for å finne myntar like ved kanonane. Ein må nok lenger vekk om ein skal ha ein sjanse. Av og til hender det seg at vinterstormane og storebåra ommøblerar botnen, og skyller fram både gjenstandar og myntar. Det er berre snakk om flaks, og er ein på riktig stad til riktig tid, så kan ein vere så heldige å finne noko, men det blir lengre og lengre mellom kvar gong det skjer. Ingen av dykkerane blei rike på dette dykket, men samtlege var godt nøgde berre med opplevinga av å sjå dei nesten 300 år gamle kanonane som framleis ligg igjen på botnen.
Etter planen skulle vi dykke i grottene på Rundebranden på dykk nummer to, men grunna mykje tungsjø inne ved branden, så tok vi i staden turen til den blå lagune ved Måganeset. Her var det mykje stillare, og dreggen blei kasta på 10 meters djup. Namnet den blå lagune kjem av dei fine lysforholda ein får når ein dykkar der inne i solskin. Omgivelsane er også veldig flotte, med høg tareskog, store steinar og kløfter i alle retningar. Dei 10 dykkerane som var i vatnet i lagunen hadde eit heilt greitt dykk, med noko dårleg sikt på grunn av alle dei oppløyste tarebitane som sveva i vatnet. Dersom nokon saknar ein Raymarine kartmaskin/ekkolodd som blei mista på botnen i bukta innanfor Måganeset, så kan dei kontakte dykkerklubben. Ein glad og fornøgd gjeng returnerte til Jensholmen etter ein fantastisk dag på havet med masse fine undervassopplevingar.
Kort oppsummert har dykkerpåska vore meget vellykka, og dykkerklubben ser fram til fleire liknande arrangemet framover. Vi vil gjerne rette ei stor takk til Kåre Jensholm for at vi fekk leige lanterna, og ikkje minst vil vi takke Arve Teige som berga oss fredagen med at vi fekk låne sjarken hans.



