Takka vere den nye Polarcirkelen til klubben, så har vi no i større grad enn før

moglegheit til å utvide dykkehorisonten og dykke på fleire plassar som det har

vore svært lite dykka på. Dette har vi utnytta i sommar, og vi har blant anna

kjørt fire turar til Arisan, dykka i Kvalsvikgrotta, og utforska nye stadar

utanfor Skorpa. Dykkeaktiviteten har stige betrakteleg, og vi har fleire gongar

hatt heilt full båt.

 

Som eg har skrive tidlegare, så har det lenge vore sagt at alt som var att av Arisan ute på Geitemaren var knuste stålplater og tusenvis av tonn med jernmalm. For så vidt så stemmer det at der ligg masse knuste stålplater og tonnevis med jernmalm strøtt over eit svært område, men der ligg også fleire intakte og svære delar av skipet. Vi brukar å kaste dreggen på ein GPS-posisjon på nordvest-sida av Geitemaren. Når vi går ned langs dreggtauet har vi to val, vi kan følgje skjæret til høgre eller venstre. Går vi mot høgre, så treff vi på fleire svære seksjonar av dekket bak styrehuset. Dybda her varierar mellom 20 og 25 meter. Eit stykke lenger framme treff vi på der styrehuset har stått ein gong. 4-5 meter over dekk er overbygget vekkrevet. På tvers av skipet er det god plass til å penetrere gjennom heile overbygget, gjennom nokre mannhol. Ein kan kjenne adrenalinen straume litt ekstra gjennom kroppen når vi beveger oss inn og symjar ut på andre sida av skipet. Det kjennast likevel trygt då det ikkje er noko mudder der som kan virvlast opp, og konstruksjonen verkar veldig solid og sterk.


 

 

Eit stykke framfor styrehuset er skipet knekt i to, og der er det mogleg å kike inn i lasteromma frå babord side. 20-30 meter til venstre for der skipet er knekt i to ligg ein enda større del av forskipet på skrått bortover i same retning som resten av skipet. Denne seksjonen av fordekket er sikkert over 50 meter lang, og på enden av den står nokre store fortøyingsvinsjar, forskjellig dekksutstyr og fleire pullertar. Framfor dette er det lite spanande å kike på, berre knuste delar av skipet og svære sanddyner med jernmalm. Arisan var lasta med heile 155 tusen tonn jernmalm, og hadde ein fordelt dette jamt over 10 fotballbaner, så ville høgda på sanden vere 1 meter.

 


 

 

Dersom vi går til venstre etter vi har gått ned på dreggtauet, så møter ein på baugpartiet på rundt 30 meters dybde. Av dei delane av skipet vi har oppdaga til no, så er nok dette den mest spanande delen. Utanom at baugen har ei rift ca. midt på heilt framme, så er baugpartiet heilt intakt. Her står svære fortøyingsvinsjar ,og ankervinsjar med kjetting som går over kabbelarane og ned gjennom kjettingklyssa. Alt er king size, så ein får eit godt inntrykk av kor stor båten var. Vraket er forholdsvis lite grodd, og enkelte stadar kan ein framleis sjå at malinga ikkje er borte. Baugpartiet er såpass stort at ein lett brukar opp heile dykketida rundt omkring på det. Masta er heilt intakt og strekkjer seg heile 19 meter oppover i vassmassane, så her er det fint å ta oppstiging. Noko som er heilt sikkert er at det skal arrangerast fleire turar ut til Geitemaren. Tenk for ein fantastisk opplevelse dette må vere ein stille vintersdag med 40 meter sikt.

 

Etter ein av turane på Arisan, så bestemte vi oss for å stoppe på nordsida av Kvalsvika på vei inn igjen. Her er ei grotte som strekkjer seg eit lite stykke innover, kanskje 40-50 meter. Vi hoppa i vatnet like utanfor åpninga og gjekk ned der. Nede i tareskogen fann vi kløfta som strekkjer seg heilt inn i grotta. Den minner litt om grottene ved fuglefjellet, berre den er djupare og litt smalare. Heile vegen inn er den rundt 10 meter djup. Når vi kom heilt inn opna kløfta seg og vi kom til ei stor jettegryte. Det blei eit veldig kort dykk, sidan vi berre hadde rundt 60 bar på flaskene då vi gjekk ned. Det ligg ein liten videosnutt frå dykket i grotta på den nye facebook-sida til klubben.

 

Kven har vel ikkje hørt sagnet om ”den uovervinnelege borg”, ”den store mangfoldighet”, eller kanskje ”Castillo Negro” som den også feilaktig har blitt kalla. Dette skipet skal etter sagnet ha gått ned utanfor ”ei høg klippeøy kalla Skorpøen”, og ha umåtelige skattar i både gull, sølv og edelsteinar om bord. Noko som er heilt sikkert er at det er mange stadar rundt Skorpa der eit skip kan ha gått ned, for her er masse paddemark. Vi prøvde oss på Steinfluda like nord for Skorpesundet, og knytte fanglina fast i den store raude bøya som ligg der. Fem av sju dykkera hoppa i vatnet her og kika ned i mellom tareskogen etter gjenstandar som ikkje passa inn. Sjølv om vi kom tomhendte opp igjen, utan nokon skattar, så hadde vi eit flott naturdykk, med mange kløfter og kanalar, samt tjukk tareskog. Så heilt bortkasta var det ikkje.

 

Vegard Hide og Erik Slettebakk som sat i båten medan vi fem andre var i vatnet, var ikkje så gira på å dykke på same staden, så vi sette kursen mot Penningsfluda. Det er ein grunn til at denne fluda har fått det spesielle namnet sitt. Sagnet fortel nemleg om ein fiskar som fekk noko frykteleg tungt i garnet sitt. Han trudde fyrst det var ein stor stein, men når han fekk det opp til overflata såg han kva det var, nemleg eit stort pengeskrin. I det han prøvde å lempe skrinet over rekka, så opna skrinet seg og alle myntane ramla på havets botn. Sidan har fluda hatt namnet Penningsfluda. Vegard og Erik fann i alle fall ikkje noko anna enn sandbotn og kamskjell der nede, men kven veit kva som skjuler seg i sanden.

 



Erik skulle absolutt ha med seg bøya heim igjen...

... men han måtte til slutt gi opp forsøket med å få den ombord i båten.