I lengre tid hadde vi planlagt eit dykk på Akerendam med den nye dykkerbåten.

Laurdag 09.04 såg det ut til å klaffe med vêrforholda. Etter ei lengre periode med

nordleg vind, så låg det igjen alt for mykje tungsjø til at vi kunne dykke der ute.

Ettersom bønna til vêrgudane ikkje gjekk i oppfylling, så blei det i staden dykka på

nordsida på Remøya. Søndag gjorde vi eit nytt forsøk.

 

Berre eg og Kenneth Kvalsund denne gongen. Litt skeptiske til vêrforholda var vi,

sida det bles sørvest liten kuling, men observasjonane frå dei innfødde i Goksøyra

var klare. Sjøen var mykje rolegare i dag. Det bles friskt på Remøyvika og

Goksøyrvika, men den vesle bukta inne ved Kvalneset ligg i le for sørvesten .

Vi kunne konstatere at det var både lite vind, lite sjø og lite drag i dag, så vi bestemte

oss for å kaste dreggen. Vanleg prosedyre blei fylgt, og vi dykka ned langs dreggtauet

og såg at dreggen hadde fått skikkeleg tak.

 

 

Den nyinvesterte undervass metallsøkaren var med , og eg svinga den fram og tilbake

nede på botnen etter beste evne. Ikkje longe tida hadde gått før første signalet peip

i øyrekanalane. Hjartet banka hardt og pulsen steig til same nivå som ein har på slutten

av ein spinningtime! Pulsen roa seg att då vi oppdaga at det berre var eit lite

samanknurva blybeslag.

 

Knappe 10 minutt etterpå peip det på nytt. Denne lyden hadde

eg hørt før frå metallsøking på land, eit kraftig sølvsignal! Hjartepumpa starta opp på

nytt i det vi starta på gravinga. Vi grov og grov like ved ein stor stein, men ingen

sølvmynt blei funne. Årsaka til det fann eg ut etter 10 minutt med intensiv graving.

Under steinen skimta eg nemleg noko raudt. Dette hadde eg sett før! Det var eit

digitalkamera med undevasshus! Det same kameraet som eg mista 21. november i fjor.

Eg trudde knapt mine eigne auge! Etter fleire stormar og nesten fem månar på havets

botn, så fungerar kameraet like fint, og kamerahuset er like heilt! Eit kamera med

undervasshus er nesten nøytralt i vatnet, så det vil fare med straumen og bårene veldig

lett, men heldigvis hadde det kilt seg fast under ein stor stein eit stykke unna der eg sist

hadde det. Utan metalldetektoren hadde eg aldri funne det, så det viste seg å vere ei

god investering! Dessverre fann vi ingen gull eller sølv, men dykket var så absolutt

vellykka!

 

Etter å ha kopla kameraet til maskina og lasta opp bileta, oppdagar eg at fire av

bileta er teke 17. desember rundt klokka 07:30 om morgonen, nesten ein måne etter at

kameraet blei mista. Dette er høgst merkeleg, og eg har inga naturleg forklaring på korleis

dette har skjedd. Kanskje er det havguden Neptun som har teke bileta? Eller kaptein

Nicolas De Roy på Akerendam? Kven veit..