Herøy dykkerklubb gjentok suksessen frå tidlegare år, og inviterte dykkarar frå fjernt og nær til dykking på nokre av verdas flottaste dykkeplassar.

Herøy dykkerklubb var i år som i fjor så heldige å få låne to båtar av Westplast AS. Været har vore supert begge dagane, og vi har fått dykka på dei planlagde plassane.

Torsdag 01.04 var det avgang kl. 10.00 frå Jensholm med dei gule Westplastbåtane, og  14 dykkarar ombord. Vi sette kursen mot Felix Scheder i Åramsundet. I sundet er det ganske mykje straum mellom flod og fjøre, så det er viktig å planlegge dykka godt i forhold til tidevasstabellane. Vi hadde god tid før vi kunne hoppe i vatnet, så vi la til kai på Åram,  rigga utstyr, og gjorde oss klare til dykking.

 


Rundt 12.30 hoppa vi i vatnet, og såg at ankeret hadde landa midt på båten. Sikta var god, og vi hadde eit supert dykk på Felix, med botntid på 25 min. Den 45 meter lange båten blei senka i 1944 av britiske fly, og står no som eit ”Donald Duck” vrak på 25 meters djup. Skipet er framleis ganske intakt, men det er litt rart å sjå kva over 60 år med saltvatn har gjort med båten. Framme på dekk står det to store luftvernkanoner og peikar opp i ”lufta”. Like bak styrehuset kan vi sjå der bomba trefte båten. Der er båten nesten delt i to, og ein kan sjå heilt ned til dampkjelen i maskinromet.  Etter dykket hadde vi ei lita pause med pølsespising, og diskusjon om kvar vi skulle ta neste dykk. Hidsneset fekk flest stemmer, så vi sette kursen dit. Akkurat i det vi hadde kasta ankeret, så ombestemte vi oss og sette kursen mot grottene ved fuglefjellet i staden for.

Eg trur ikkje mange angrar på valet vi gjorde, for ved fuglefjellet var det så og seie havblikk, og det var ingen problem å få dykka der. Der er to parallelle grotter ved fuglefjellet. Den til venstre er lengst og strekkjer seg ca. 120 meter innover frå opninga. Klokken 16.10 gjekk vi i vatnet, og dykka først i den lengste grotta. Ein merka godt at det var litt drag der, men ikkje slik at det var ubehageleg. På utsida av grottene er det tjukk tareskog og mange svære steinar og kløfter som ein kan symje mellom. Personleg synst eg dette var eit av mine aller beste dykk nokon gong. Etter 40 minutt var vi ombord igjen i båtane, fekk tatt av utstyret og sette kursen mot Jensholmen igjen etter ein meget vellykka dag.

Fredag var det avgong til same tid og frå same stad. Vi sette kursen mot Runde, der vi skulle dykke på Akerendam. Vinteren 1725 kom det Hollandske handelsskipet utfor ein voldsam orkan, mista kursen, og blei knust i fjøresteinane inne i bukta ved Runde fyr.  Der sank skipet og lasta, som blant anna bestod av 19 kister med gull og sølv, der fire av dei blei berga i 1725. Saman med 40 kanoner og diverse gjenstandar, så fann tre sportsdykkarar i 1972 det som framleis er ein av Nord-Europas største myntfunn. Det som ligg igjen i dag er 37 av dei 40 kanonane som Akerendam var utrysta med, samt ein og annan mynt, vist ein har litt flaks. Vi fekk besøk av Ægir Dykkerklubb frå Åram som stilte med 10 dykkarar og eigen båt. Sjølv var vi 12 dykkarar, og det blei dykka på både indre og ytre funnstad. Det blei verken funne gull eller sølvmynt denne gongen, men det var ein dykkar som var ganske nær. Han fann ein rustklump med fersk avtrykk av ein sølvmynt på, men mynten fekk han ikkje med seg. Så det ligg iallfall ein mynt igjen der nede.

Etter ei god pause halte vi opp dreggen og forflytta oss til Håkonsholmen, og tok det siste dykket der. Ganske greitt naturdykk på ca. 16 meters djup, med litt kamskjel og flyndre. Etter to dagar med fire flotte dykk, var dei aller fleste fornøgde, og vi kan sjå tilbake til eit flott og vellykka dykkearrangement. 23. og 24. april får Herøy Dykkerklubb besøk av seks dykkarar frå Risør, og vi vil då prøve å lage til eit liknande arrangement, og håpar på og få like mange påmelde og enda litt til.