Torsdag 5. og fredag 6. april planlegger Herøy dykkerklubb å arrangere dykkerpåske. Vi legger opp til to dykk begge dagane. Torsdag er planen å gå frå Runde hamn kl 10.00 med dykking i området rundt Runde. Fredag går turen til Åramsundet der vi planlegger å dykke på Felix Scheder. Det blir også eit dykk på veg tilbake. Folk som ikkje dykka er også hjertelig velkomne til å vere med for å sjå på kva vi driv med, og ikkje minst vere med på ein flott båttur. Det vil bli sal av kaffi, brus og pølse ombord i båten.
Dato: 5. og 6. april Stad: Herøy, HDK sitt klubblokale på Jensholmen Overnatting: Runde miljøsenter vil tilby gode prisar på overnatting i flotte leiligheter Runde.