DYKKERPÅSKE HERØY DYKKERKLUBB 2012

Torsdag 5. og fredag 6. april planlegger Herøy dykkerklubb å arrangere dykkerpåske. Vi legger opp til to dykk begge dagane. Torsdag er planen å gå frå Runde hamn kl 10.00 med dykking i området rundt Runde. Fredag går turen til Åramsundet der vi planlegger å dykke på Felix Scheder. Det blir også eit dykk på veg tilbake. Folk som ikkje dykka er også hjertelig velkomne til å vere med for å sjå på kva vi driv med, og ikkje minst vere med på ein flott båttur. Det vil bli sal av kaffi, brus og pølse ombord i båten.

Dato: 5. og 6. april
Stad: Herøy, HDK sitt klubblokale på Jensholmen
Overnatting: Runde miljøsenter vil tilby gode prisar på overnatting i flotte leiligheter Runde.

Program

Torsdag 5. April
10:00 Avreise frå Runde hamn.
* Turen går først til Akerendam der vi dykkar på ytre eller indre funnstad.
* Dykk nummer to planlegger vi å dykke i grottene i fuglefjellet. To parallelle grotter som går ca 120 meter inn i fjellet. Veldig væravhengig dykk, men det blir uansett ein tur langs fuglefjellet.
Alternative dykkeplassar
* Geitemaren på vraket av Arisan. Her ligger baugpartiet og store delar av forskipet, pluss ein heil del knuste vrakrestar.
* Fram 3, rester av fiskeskøyte som ligg på kvit sandbotn ved Rundebrua.
* Den blå lagune, naturdykk ved Måganeset på Runde.
* Grotta i Kvalsvika.
* Grønholmen, naturdykk med flotte vegger/kløfter.


Fredag 6. April

08:30 Oppmøte på HDK sitt lokale på Jensholmen. Avreise 09.00
• Turen går til Åramsundet med dykking på Felix Scheder. Sidan dykket på Felix er avhengig av tidevatnet, så vi legge dykket så tidleg. Anbefalt sertifisering CMAS ** eller tilsvarande.
• På andre dykket planlegger vi å gå Rovdefjorden på veg tilbake, og ta eit dykk på Laupen.

Alternative dykkeplassar
• Flåvær, naturdykk i historiske omgivelser.
• Jettegrytene ved Herøy Gard.
* Vikeskjæret.
* Kamskjelldykk ved Herøy Gard


Prisar
Pris pr dykk 200,-
Begge dagane, 4 Dykk 650,-
Turister (ikkje dykkande) 100,- pr dag
Luftfylling: 50,- pr flaske.
Brus/snacks/mat/kaffi etc.for salg på båten/båtane.

 

 

Poster om dette emnet i forumet: {jfusion_discuss 1953}