Herøy dykkerklubb gjentok suksessen frå tidlegare år, og inviterte dykkarar frå fjernt og nær til dykking på nokre av verdas flottaste dykkeplassar.
Herøy dykkerklubb var i år som i fjor så heldige å få låne to båtar av Westplast AS. Været har vore supert begge dagane, og vi har fått dykka på dei planlagde plassane.
Torsdag 01.04 var det avgang kl. 10.00 frå Jensholm med dei gule Westplastbåtane, og 14 dykkarar ombord. Vi sette kursen mot Felix Scheder i Åramsundet. I sundet er det ganske mykje straum mellom flod og fjøre, så det er viktig å planlegge dykka godt i forhold til tidevasstabellane. Vi hadde god tid før vi kunne hoppe i vatnet, så vi la til kai på Åram, rigga utstyr, og gjorde oss klare til dykking.